Oppkoma

Ei oppkome er ein stad der friskt vatn kjem ut av bakken.

I gammal tid var dette ein stor ressurs. Kjem du til ein plass inne i ein skog, eller oppe på fjellet, og du ser spor av at det har gått føre seg ein eller anna form for menneskeleg aktivitet, då kan du vere sikker på at det er ei oppkome i nærleiken. 

Om det då ikkje er ein elv eller bekk der då. Elvar renn i overflata, og set alltid eit tydeleg preg på landskapet. Rennande vatn er sjølve grunnlaget for kulturane som har utvikla seg rundt om i verda. 

Store elvar renn og renn. Nokon gonger er det for lite vatn, og ofte kjem det alt for mykje. Oppkoma kan gå tørr, og det kan ta lang tid mellom kvar gong det tek til å renne. Når det først kjem er det friskt og godt og betre enn noko anna vatn du kan få. Kjeldevatn, berre smak på ordet!

I denne samanhengen dreg vi ein parallell til den straumen av informasjon vi no lever med. Vårflaumen har blitt permanent. Og med den kjem det ikkje berre friskt fjellvatn. Nei der kjem det all slags anna ein ikkje har bruk for. Grumsete, ureint og farleg å kome for nær. 

Då er det tryggare med oppkoma. Filtrert av sand og stein, lagra under overflata til det er klart for å renne roleg ut i dagen ein dag. Slik er det og med dei lokale forteljingane. Denne oppkoma skal gje folk høve til å få høyre forteljingar rett frå kjelda.

Nokon gonger er det ein arv frå tidlegare generasjonar. Men det lagast og nytt arvegods i dag. Forteljingar skapast kvar dag.

 

Historia held fram.

 

TSH

 

Screenshot

Kommentarar

Kommenter innlegget