ja, kva er det vi meiner med dette ordet?
Det vert brukt i mange ulike samanhenger. I følge nynorsk ordbok vert det same ordet nytta både som omgrep for å definere ei vitskapleg disiplin med strenge krav til kompetanse og dokumentasjon , til og å kunne tyde det motsette.
Når eit barn seier “fortel ei historie, farfar”, er det neppe med forventning om at gamlingen då skal halde seg innan strenge vitskaplege rammer, med etterprøvbare fakta og referansar til forskning i kvar setning.
Snarare tvert er ei “historie” i den samanhengen noko som er meint som underhaldning, men gjerne med rot i noko forteljaren sjølv har opplevd, eller på anna vis har kjennskap til. Ofte er den gode historia foredla gjennom generasjonar av forteljarar som legg til, og justerer innhaldet vert tilpassa lyttarane sine referansar.
Formelt er “historie” altså skildring av det vi har ein eller form for skriftlege kjelder vi kan vise til. Når vi her tek initiativ til å formidle lokal historie rett frå kjelda, er denne strenge ramma ikkje råd å halde seg innanfor. Heller er det ikkje noko ein ynskjer, for her er det og ein verdi i seg sjølv om formidlinga skjer på ein engasjerande måte. Då kan ein ikkje sette krav til at alt som vert sagt skal vere etterprøvbar sanning.
Så om nokon her skulle smøre litt tjukt på er det ikkje anna å vente. Er ein ute etter vitskaplege fakta kan forsikre lesaren om at det er mange nettsider der dette er å finne. Mellom anna har Universitetet i Bergen mykje god forskningsformidling

Gravrøys på Tunheim, Ulvik
Er dette historie? Ja, sjølvsagt er det ein del av den lokale historia. Men vi har ingen skriftlege kjelder som fortel oss om kor tid gravrøysa vart bygd. Vi har berre nokre få arkeologiske funn som kan gje oss ein del indikasjonar på omlag tidsperiode og kva større samanheng slike røyser kan settast inn i.
Gravrøysene på Tunheim har garantert vore objekt for mange historier gjennom tidene. Haugbonden har levd i folkekulturen i hundrevis, kanskje tusenvis av år i våre bygder.
Men eksakt kunnskap om fenomenet er det framleis ikkje så mykje av som ein skulle tru. Ein finn tilsvarande konstruksjonar, med same føremål i andre deler av verda. Kanskje er det eit universelt konsept som har rot i dei første kulturane langt tilbake i det vi legg under samleomgrepet “steinalderen”?
Gammalt er det i alle fall. Ein nyttar omgrepet “førhistorisk” om det som er så gammalt at ein ikkje har skriftlege kjelder tilgjengeleg om emnet.
Slik sett er det meste som har skjedd her i Hardanger førhistorisk. Dei eldste skriftlege arkiva som omtalar noko som helst som har samanheng med vår region mindre enn 800 år.
Om ein strekker det litt langt kan ein hevde at Hordalendingar første gang er nemnt i The Anglo Saxon Chronicles i året 787, der ein gjeng hordalendingar gjekk i land og kakka ein engelskmann i hovudet. Dette var den gongen sopass uvanleg at det vart nedskrive i krøniken. Noko seinare vart denne type åtferd meir vanleg.
Andre regionar i verda, til dømes i dagens Italia, kan ein lokalhistoriker strekke den “historiske” tida fleire tusen år tilbake. Slik er det ikkje i våre område, og på den måten er vi i mykje større grad avhengige av arkeologi, språkvitskap og andre vitskapsgreiner for å finne svar på kva fortida kan fortelje.
Den lokale, munnleg overførte kunnskapen har framleis ei viktig funksjon. Vi har mellom anna ei fantastisk kjelde, ei oppkome, i bøkene til Th. Haukanes. Han for rundt på bygdene i siste halvdel av 1800-talet og høyrde gamle forteljarar prate i veg om alt frå sine eigne opplevingar som soldat i krigen mot svenskane, til urgamle soger om tusser og troll.
Her er vi inne på kva denne Oppkoma skal vere. Ein moderne variant av Haukanes, Kolltveit og Aamund K. Bu sine samtaler med lokale kjelder.
Historia vil halde fram, så det er berre å følge med.
TSH
Kommenter innlegget