Dei som er så heldige å ha minner om at dei eldre i familien fortalde frå gamle dagar vil forstå kva formidling av kunnskap og erfaring betyr når det kjem rett frå kjelda. Det er framleis lite som kan trollbinde barn som når ein tek dei på fanget og startar med “no skal du høyre, ein gong for lenge sida…”Vi er mange som har opplevd at folk som var eit oppkome av historier og lokal kunnskap brått ikkje lenger er der for å fortelje. Då kan ein berre håpe at nokon har høyrt etter, og kan fortelje vidare til nye generasjonar. Men å nå gjennom til dei som er unge vaksne i dag er ei utforing. Det er mykje som skal absorberast av informasjon, og i dei fleste yrke er det venta av deg at ein held seg oppdatert på allt det nye som kjem. Å leve i dag er travelt, etter det vi forstår. Det er med andre ord ikkje å vente at ein skal prioritere å høyre på at ho mor fortel om gamle dagar. Så her kjem nettstaden “Oppkoma” inn! If you cant beat them, join them, vert det sagt. No tek vi den lokale historieforteljinga inn der det er ein sjanse for at nokon vil høyre. Så har du noko å fortelje, eller kjenner du nokon som sit på dei gode historiane, så er det no berre å ta kontakt.